Kultur og innbyggarinteraksjon – Fase 1

Hovudgruppe

Namn Kommune Rolle Funksjon i gruppa
Arnved Lund Jondal ADM Leiar
Lage T. Myrberget Odda ADM
Eva Wiberg Ullensvang ADM
Silje Selvær Ullensvang TV UDF
Truls K. Ulseth Jondal TV UDF
Nina Hildal Odda TV UDF

Undergrupper:

  • Bibliotek
  • Kulturskule
  • Frivilligsentral

Spørsmål eller innspel til Administrativ arbeidsgruppe for Kultur og innbyggarinteraskjon? Ta kontakt med Arnved Lund – arnved.lund@ullensvang.kommune.no

 

Fase 1 – Kultur og innbyggarinteraksjon – Arnved lund har ordet

Då var kartlegginga gjort. Me har vorte kjend med kulturtilbodet til kommunane som skal verta Ullensvang kommune. Det har vore lærerikt. Noko er likt, noko er ulikt. Me har konsentrert oss om det tilbodet kommunane gjev. Ikkje alt det som andre skapar.

Hovudgruppa for Kultur og innbyggarinteraksjon med midlertidig prosjektleiar Ingjerd Astad.

Det som peiker seg ut frå kartlegginga er at det mykje god kompetanse i dei ulike kommunane, men kultur er òg eit breitt fagområde. Me har ikkje spesialister på alt.

Ein annan ting som peiker seg ut, er at ingen av kommunane har overordna planverk for kulturen. Me har nokre temaplanar. Alle har til dømes planar for idrett og fysisk aktivitet og kulturminne. Dei er av ulik alder.

No skal me over til neste fase i arbeidet. Me skal prioritere og planlegge framtidige strukturar, og me skal kome med tre alternativ. Eg meiner at me må finne ut kva og kor me vil med kulturen i den nye kommunen før me kan seie noko om kva me skal prioritere og korleis me skal organisera oss.

Me har oppretta tre undergrupper som skal hjelpe oss med det; bibliotek, kulturskule og frivilligsentral. I undergruppene sitt leiarane frå kvar kommune og tillitsvalte. I tillegg til undergruppene har me oppretta dialog med dei politiske gruppene “Kultur og identitet” og “Innbyggarinvolvering i samanslåingsprosjektet”.

Me startar med ei fellessamling 9. april. Då samlar me undergruppene og me har invitert dei politiske gruppene. Den største utfordringa framover vert tid. Fristen for denne delen av arbeidet er 1. juni. Det gjev oss to månader, men det klør i fingra. Det er no moroa startar!