Fase 1 → Fase 2

Tysdag 20. mars var det samling for dei administrativ arbeidsgruppene der gjennomgang og oppsummering av Fase 1 stod på agenda, samt å sparke i gang Fase 2. Alle medlemane i hovudarbeidsgruppene og undergruppene var invitert på samlinga.

 

Midlertidig prosjektleiar Ingjerd Astad ynskja velkomen til samling, før leiarane for hovudarbeidsgruppene fekk ordet og presenterte kartlegginga i Fase 1.

Arbeidet med kartlegging var løyst ulikt i arbeidsgruppene; nokon av gruppene hadde kartlagt alt sjølv, medan andre hadde brukt undergrupper som er sett ned aktivt. Positive erfaringar i Fase 1 arbeidet vart lyfta fram, men også utfordringane ein har støtt på undervegs.

Arbeidsgruppa for Helse og omsorg med undergrupper samla.

Overgangen til Fase 2 og arbeidsøkt i arbeidsgruppene var så neste post på samlinga. Hovedarbeidsgruppene med sine undergruppe sette seg gruppevis, fekk helse på kvarandre og lage plan for oppstartsmøter etter påskeferien.

 

Oversikt over administrative arbeidsgrupper med undergrupper: (Link kjem)

  • Administrativ organisering, stabsfunksjonar og utvikling av organisasjonen
  • Oppvekst og utdanning
  • Helse og omsorg
  • Tekniske tenester, samferdsel, landbruk og miljø
  • Kultur og innbyggjarinteraksjon

 

MOT! Vi bygger laget

F.v: Rune Bratseth, Regina Njåstad Vesterheim, Sarah Marie Røstbø og Ragnvald Joakimsen

Etter lunsj var det duka for foredrag med MOT. Jondal kommune er ein MOT kommune og då avtalt besøk av MOT i Jondal klaffa med Samling for arbeidsgruppene var me så heldige å få Regina Njåstad Vesterheim (Regionsleiar for Hordaland og Sogn og Fjordane sør) og Rune Bratseth (styreleiar i MOT) til å halde eit inspirasjonsforedrag.

Rune Bratseth var med å starta MOT i 1997 saman med Johann Olav Koss, Atle Vårvik og Dag Otto Lauritzen. Han er tidlegare landslagskaptein og sportsdirektør i Rosenborg, og no styreleiar i MOT. Bratseth er for tida på foredragsturné for MOT, og temaet for foredraget på samlinga i Ullensvang var Kommunen som samfunnsbygger.

 

Kjenn laget ditt, ingen er berre det du ser!

 

Regina (regionsleiar) innleia foredraget med å fortelje om MOT sitt arbeid; Kvifor, kva og korleis! “Kanskje Nye Ullensvang kommune ynskjer å vera ein MOT kommune?” – ope spørsmål frå regionsleiaren.


MOT har tre verdier dei jobber etter:

  • MOT til å leve
  • MOT til å bry seg
  • MOT til å si nei

Og fire prinsipp, som er metoden for korleis dei operasjonaliserer verdiene:

  • Jobbe i forkant: å bygge kultur, vere forberedt og kommunisere tydelig og oppriktig.
  • Ansvarliggjøre kulturbyggere: bevisstgjere mennesker på sitt ansvar som rollemodeller, for at de skal inkludere alle.
  • Forsterke det positive: å være mulighetsfokusert, plante positive forventinger, å finne det beste i mennesker og situasjoner.
  • Se hele mennesket: trene mennesker på å vise bakgrunnsforståelse, være nysgjerrig på forskjeller og se på ulikheter hos mennesker som en ressurs.

Les meir om MOT sitt arbeid på www.mot.no


Foto: Anne Erdal

Styreleiar Rune Bratseth overtok etter Regina Vesterheim, og hadde refleksjonar og tankar rundt det å vera leiar og det å bli leda. Bratseth relaterte sine refleksjonar til sine trenerar som han har hatt erfaring med gjennom sin lange fotballkarriere på toppnivå – Egil Drillo Olsen, Nils Arne Eggen og Otto Rehhagel i Werder Bremen . Foredraget vart halde med ein humoristisk undertone og gav god energi og stemning.

 

Kvart lag har ein energitank! Nokon på laget fyller på med energi, og nokon er energitapparar.