Protokoll – Fellesnemnda 09.03.18

09.03.18 var det møte i Fellesnemnda i Ullensvang kommune i heradsstyresalen i Kinsarvik. Møtinnkalling, saksframlegg og protokoll etter møte finn du her.

 

Saksliste:

Hildegunn Espe (Senterpartiet) argumenterte for brukarane i fokus.
  • Fråsegn om kommunane sine budsjett og økonomiplanar
  • Samanstilling av kommunane sine økonomiplanar 2018-2021
  • Digitaliseringsstrategi Ullensvang kommune
  • Risiko- og sårbarheits analyse for samanslåingsprosjektet – vidare innspel og bearbeiding

 

Sak om Digitaliseringsstrategi skapte engasjement i fellesnemnda. Nemnda var sameinte om at ein må følgja med i den digitale utviklinga, men ikkje “hoppa på ” alle løysingar – ta gode funderte vegval i tida som kjem.

Innbyggjarane/brukarane i fokus vart også lyfta fram frå fellesnemnda som viktig i digitaliseringsprosessen. Kommunen må leggje til rette for gode elektroniske løysingar for sine innbyggjarar, men også ha like gode alternativ for dei med låg digital kompetanse.

 

FN – 012/18 Vedtak:

1. Fellesnemnda vedtek forslag til Digitaliseringsstrategi som høyringsnotat.

2. Fellesnemnda gjev prosjektleiar oppdrag til høyring av Digitaliseringsstrategi i dei tre kommunane / herad og i alle hovedarbeidsgruppene i prosjektet. Innspillene skal vurderast og vert innarbeidt i endeleg versjon som vert lagt fram til handsaming.

3. Fellesnemnda ber om at endeleg versjon av Digitaliseringsstrategi verta lagt fram til handsaming i Partssamansett utval på møte den 17. april for å gje uttale til strategien, og til handsaming og endeleg vedtak i fellesnemnda på møte den 27.april.

 

Orienteringar:

F.v. Midlertidig prosjektleiar Ingjerd Astad (KS), ordførar Jon Larsgard (Jondal), ordførar Roald Aga Haug (Odda) og ass rådmann (sekr.) Ragnvald Joakimsen (Jondal)
  • Søknad frå Ytre Bu om grensejustering inn mot Eidfjord kommune
  • Utlysing av prøveordning med kommunal tennhelseteneste – Fellesnemnda stiller seg bak at det blir send søknad på vegne av Ullensvang kommune for å ta del i prøveordninga.
  • Informasjon om prosessen for rekruttering av prosjektleiar/rådmann. (Utlysningstekst finn du her.)
  • Omstillingsavtalen – om arbeidet med avtalen og framdrift
  • Informasjonsarbeid
  • Status i prosjektorganisasjonen
  • Rekneskap 2017 for samanslåingsprosjektet

 

Olav Magnus Hammer (Arbeiderpartiet) tok også opp spørsmål angåande HR/personal-medarbeidar i prosjektorganisasjonen.