Kommunesamanslåing – også i kyrkja

Samanslåinga av kommunane Jondal, Odda og Ullensvang gjer det automatisk naudsynt å slå saman dei tre kyrkjelege fellesråda* i området, sidan det etter lova berre skal vera eitt fellesråd i kvar kommune.

 

Liv Eirill Evensen og Ingjerd Astad (midlertidig prosjektleiar for kommunesamanslåingprosjektet)

Gjennom 2018 og 2019 vil kyrkja driva fram eit samanslåingsprosjekt med utgangspunkt i ei kyrkjeleg fellesnemnd som er sett saman av representantar frå dei tre fellesråda, ein geistleg representant og ein representant frå den kommunale fellesnemnda. Partsamansett utval er sett saman av medlemane i fellesnemnda pluss ein tilsett frå kvart fellesrådsområde. I tillegg er det oppretta eit utval for tillitsvalde som skal sikra møtet mellom desse og arbeidsgjevar.

Kyrkjeleg fellesnemnd skal gjera mykje av det same arbeidet som kommunal fellesnemnd, og ynskjer eit nært samspel med denne.

 

Kyrkjeleg fellesnemnd:

  • Leiar May Søfteland (Odda)
  • Nestleiar Hans-Sigvard Galtung (Jondal)
  • Medlem Magne Hus (Ullensvang)
  • Medlem Marianne Eide (Jondal)
  • Medlem Steinar Tokheim (Odda)
  • Medlem Lars Måkestad (Ullensvang)
  • Geistleg representant Arild Hellesøy
  • Kommunal representant Olav B. Hus
  • Prosjektleiar er Liv Eirill Evensen, kyrkjeverja i Odda

 

* Jondal: sokneråd med fellesrådsfunksjonar

 

PROSJEKTPLAN etter handsaming 310118 (1)

Protokoll frå møte i Kyrkjeleg fellesnemnd for Ullensvang 310118 til utsending

Reglement for partsamansett utval revidert etter vedtak 310118

PRINSIPPDOKUMENT Ullensvang kf revidert etter vedtak 310118