Arbeidsgruppe for statlege arbeidsplasser – Status-rapport pr. 22. januar 2018

ARBEIDSGRUPPE FOR STATLEGE ARBEIDSPLASSAR (ASA)- vedteken oppretta på møte i Fellesnemnda 13.09.17. Bakgrunnen for opprettinga av arbeidsgruppa var rapport utarbeidt frå Hardangerrådet på tal statlege/fylkeskommunale arbeidsplasser kvorve i Hardanger sidan 2000.

 

Medlemmene i ASA på Hardangerkonferansen 2017

Medlemmer:

  • Reidun Haugen Dahlseth (Jondal)
  • Terje Kollbotn (Odda)
  • Kåre Grønsnes (Ullensvang)

Gruppa rapporterer om arbeidet på kvart møte i Fellesnemnda.

 

Prioriteringar

Etter innstilling frå ASA, vedtok Fellesnemnda i møte 18.10.17 fylgjande uttale og prioriteringar
for arbeidet til ASA:

Fellesnemnda for nye Ullensvang kommune er sterkt bekymra over den negative utviklinga av statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i nye Ullensvang kommune og resten av Hardanger.

I perioden 2000 -2016 har det vore ein netto nedgang i Odda, Ullensvang og Jondal på til saman 145 arbeidsplassar, og i heile Hardanger på til saman 234 arbeidsplassar. I samband med den nye kommune- og regionsreforma har det vore hevda frå sentrale styresmakter at eit mål med samanslåing av kommunar og fylke til større einingar, er ei desentralisering av statlege oppgåver ut til distrikta. I arbeidet med å byggja ein ny og sterkare kommune i Indre Hardanger fram til 1. januar 2020 forventar

Fellesnemnda for nye Ullensvang kommune meir konkrete tiltak og verkemidlar frå regjeringa og det nye stortinget for å få snudd den negative utviklinga sidan år 2000. I første omgang er målet vårt både å halde oppe alle dei statlege og fylkeskommunale arbeidsplassane vi har, og få attende fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar.

Som følgje av regionsreforma må vårt mål vere å bli den beste regionen for utvikling av regionale arbeidsplassar. I neste omgang er målet å utvikla mange nye arbeidsplassar både i statleg, fylkeskommunal og privat regi i Ullensvang kommune. I dette arbeidet forventar vi aktiv drahjelp frå Hordaland fylkeskommune og Hordaland fylkesting, den nye fellesnemnda for Vestlandsregionen og ikkje minst regjering og Storting.

 

Satsingområde i prioritert rekkefølgjer:

  1. Våpenkontor
  2. Sindark
  3. Norsk Jordskiftesenter
  4. Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø
  5. Ei eiga eining innan NVE knytt til ras- og flaumsikring

 

Andre satsningsområde kan vera:

  • Styrka Odda sjukehus og Odda DPS med fleire oppgåver og stillingar
  • Nasjonalt senter for naturforvaltning/nasjonalparkforvaltning
  • Pilegrimssenter i Røldal
  • Nasjonal kulturminneforvaltning desentralisert frå Riksantikvaren
  • Regionalt bompengeselskap
  • Visningsenter for Knud Knudsen-bilete kombinert med eit galleri for Hardangerkunst
  • Fleire utradisjonelle høgskuletilbod (m.a. naturoppsyn og smedfaget)
  • Hardanger tingrett

 

Mål

Før jul 2017 er målet å ha eit første møte med den politiske og administrative leiinga i Hordaland fylkeskommunen og med den nye Hordalandsbenken på Stortinget for å presentere utfordringane og planane våre.

Arbeidsgruppa for statlege arbeidsplassar for nye Ullensvang kommune samarbeider og koordinerer sitt arbeid med arbeidsgruppe for statlege arbeidsplassar i Odda kommune.|

 

Heile status-rapport for Arbeidsgruppa for statlege arbeidsplasser (ASA) finn du her: STATUS – rapport Arbeidsgruppa for statlege arbeidsplasser