Ullensvang kommune søkjer prosjektleiar / rådmann for den nye kommunen

I dei fyrste fasane av byggeprosessen har samanslåingsprosjektet Ullensvang kommune mellombels prosjektleiing, henta inn eksternt frå KS-Konsulent as. No er Ullensvang kommune klar til å søkje fast prosjektleiar som skal lede arbeidet med bygginga av ny kommune vidare fram mot samanslåinga 1. januar  2020. Prosjektleiar vil då gå inn som rådmann i den nye kommunen.

 

Det er fellesnemnda som skal tilsetje den nye prosjektleiaren / rådmannen, og det er eit eige tilsettingsutval som er sett saman for å gjennomføre prosessen. Til å bistå i rekrutteringsprosessen er Mercuri Urval engasjert.

 

Rolla som prosjektleiar og rådmann for den nye kommunen vil vere ei særdeles spanande leiarstilling i Hardanger. Er du den personen som kan fylle denne rollen– eller kjenner du nokon som kan vere rette person – då kan du lese meir om kva vi er på jekt etter her:

 

https://www.mercuriurval.com/no-no/opportunity/?jobadid=52455&refno=NO-03065

 

Offentlig søkerliste – Prosjektleiar/rådmann