Som ein del av prosjektarbeidet fram mot etablering av Ullensvang kommune er det funne føremålsteneleg å utarbeide ein “Plan for kommunikasjon” som legg føringar for korleis vi skal informere om arbeidet både eksternt og internt i kommunesamanslåingsprosessen.
Mål for kommunikasjonsarbeidet:
- Kommunikasjonen skal vera open, tydeleg, samordna, tilpassa og heilskapleg
- Kommunikasjonen skal vera basert på medverknad og forankring
- Digital kommunikasjon skal vera fyrsteval for alle målgrupper
- Alle målgrupper skal bli ivaretatt i prosessen
- God kommunikasjon internt skal danne grunnlag for god kommunikasjon eksternt
Kommunikasjonsplanen er utarbeidd for å sikra innsyn, medverknad og forankring hjå alle som er involvert eller berørt av arbeidet med kommunesamanslåinga.
Plan for kommunikasjon finn du her: Ullensvang kommune – Plan for kommunikasjon – vedteke i fellesnemnda 09.02.18