Utdrag frå – Nyhende for tilsette i Ullensvang herad 3. utg 2017 av Mari Svartveit

 

 

Kva betyr kommunesamanslåinga for tenestene me yter og mottar som innbyggjarar og tilsette?

 

No går me over i ein fase der ein frå januar 2018 startar med konkrete arbeidsgrupper som skal sjå på notid, framtid og sjølve gjennomføring av etablering av Ullensvang kommune.

 

Det er både reine politiske grupper, blanda grupper og reint administrative arbeidsgrupper. Under hovudgruppene vil det bli ulik grad av undergrupper etter behov. Dei to fyrste fasane, notid og framtid, skal vera klare til 01. juni 2018. Det vil bli ei interessant og krevjande periode for dei som blir involverte i arbeidsgruppene, der ein må  balansera nye tankar med drift av noverande kommunar.

 

I dette innlegget får de og eit innblikk i kva prosjektleiaren tenkjer om vegen vidare.

 

Rådmann og kommunalsjefane ser fram til å koma i gang for fullt med arbeidet med arbeidsgrupper og konkretisering av planane for framtida, samstundes som me skal sørgja for at Ullensvang herad yter gode tenester til innbyggjarane og tek vare på dei tilsette.  

 

Bilete: Ingjerd Astad, engasjert av fellesnemda for nye Ullensvang kommune, til å leie fyrste del av prosessen mot ny kommune.

“Skal lose oss på vegen mot nye Ullensvang kommune.”

 

Ingjerd skal lose politikarane og oss, slik at tre kommunar vert ein. Ho er godt i gang, me møter ho i Odda, mellom møter og all planlegginga. Ho har leia kommunar med stødig hand, gjennom endringar før.

 

Fellesnemnda er den politiske overbygninga i  kommunesamanslåings-prosjektet Ullensvang, Jondal og Odda.  Astad er engasjert av politikarane til å leie denne prosessen – gjennom KS konsulent, som er eit heileigd dotterselskap av KS, kommunane sin organisasjon.

 

Prosjektleiaren kjem frå Bjugn kommune i Sør-Trøndelag. Før Ingjerd hamna i KS konsulent,  har ho hatt ulike roller.  Ho har ei breidd økonomisk bakgrunn. Ho har økonomiutdanning, og har hatt ulike stillingar innan økonomi, i kommunesektoren. Ho har arbeidd både som revisor, i personalavdeling og som økonomisjef. Ho hadde og nokre lærerike år som lærar. Ingjerd har master i leiing frå NTNU, og tok utgangspunkt i kommunereforma i sjølve masteroppgåva.

 

Store endringar treng ofte endring i organisasjonen, men og kraft frå næringsaktørar

– Eg har arbeid mykje med samfunnsutvikling der kommunar har trong for stor endringskraft raskt. Til dømes i situasjonar der dei skal ta i mot nye oppgåver og oppdrag, seier Astad.

 

I slike situasjonar trengs det gjerne fysiske strukturelle endringar, men og endring av noko av organisasjonen til kommunen. Samstundes treng ein og kraft i næringsaktørane.

 

Ingjerd har og arbeidd som rådmann. Der har ho hatt ansvar for store endringsprosessar.  I KS konsulent har ho ansvar for å bistå kommunar og kommunale selskap i ulike typar prosessar dei treng bistand i.

 

Ønskte ekstern prosjektleiing til startfasa

– I den forbindelse vart KS-Konsulent vald til jobben som førebels prosjektleiing i dette samanslåings-prosjektet. Fordi ein i starten ønskte ekstern prosjektleiing,  seier Astad.  

 

Når ein har fått på plass prosjektet, er det lettare å sjå korleis ein skal ta arbeidet vidare. Hennar rolle no vert å få starta opp prosjektet.  Eit prosjekt har ulike fasar. Det  dei må bruke tid på no, er å få det på plass. I forhold til nemnd og partsamansett utval.

 

– Me må rigga prosjektet på plass, få på plass organisasjonen, . Sidan starten i slutten av august, har vi fått starta arbeidet i  fellesnemnda og partssamansett utval. Dei har hatt fleire møter i haust. Vi har fått etablert ein prosjektorganisasjon og no er også hovudstrukturen for arbeidsgruppene vedteke, seier prosjektleiaren

 

Rådmennene er klar til å starta no

Astad lyftar fram at det er veldig positivt at rådmennene i dei ulike kommunane er veldig klare til oppdraget. Dei har jobba med dette over lang tid allereie. – Det gjorde at me fort kunne rigge opp ein prosjektorganisasjon, uttalar ho. God samhandling mellom rådmennene og prosjektet er heilt avgjerande for korleis prosessen lukkast. Her lover det særs godt.

 

Tre ulike kommunar med ulike tenkjesett og kultur

– Ein skal ha respekt for at det er tre ulike kommunar med  ulike tenkjesett og kultur. Det som er dei såkalla drivarane i samfunnet, kan vera ulikt. Det å ha respekt for at ein har ulikt utgangspunkt om kva ein tenkjer om kommunesamanslåing, det er naudsynt.

 

Ingjerd trur at det av og til er viktig å stille dei spørsmåla som ikkje alltid er kjekke. – Det er viktig for alle oss andre, som fossar framover.

 

Ingjerd har noko ho kallar for grunnplanken. Med det meiner ho at ein må få på plass det ein treng for å koma vidare. Om ein går for fort inn i prosessen kan ein risikere å miste noko som var viktig for å koma fram der ein skal.

 

Sikre god samhandling mellom politikarane

Denne prosessen vert leia av politikarane i fellesnemnda. Det er viktig å sikre god samhandling mellom dei. Dei har jo ikkje samarbeida i dei same utvala før.. Det å nytta litt tid på å samhandla godt, trur Astad er viktig i denne grunnplanken, som ho snakkar om.

 

– Eg forstår godt at folk er utolmodige og vil ha fortgang i ting. Men den farten kan me ha når me veit korleis dette skal sjå ut, seier ho vidare.

 

Ho legg til at ein del lovverk må og fylgjast på vegen. Ho nemner både inndelingslova og kommunelova som legg ulike føringar.  – Om ein hoppar bukk over dette, risikerer ein å misse truverdet til politikarane internt i organisasjonen, men og blant innbyggjarane. Det er skummelt, meiner ho.

 

Korleis vil dette ha innverknad på oss?

Det er viktig at det ein i prosjektet, bruker tid til å involvera, slik at den einskilde kan ha kunnskap om; korleis vert dette for meg?

Difor meiner Astad at det er viktig at i denne same ”grunnplanken” at ein har lagt det inn i  rammene for prosjektet.

 

– Det kan til dømes ein omstillingsavtale seie noko om. Korleis  dette skal handterast for dei som er medarbeidarar i prosessen, seier Ingjerd vidare.

 

– Medarbeidarane har sine tillitsvalde og verneombod, eller begge deler. Dei er viktige i forhold til å bidra til at dette vert godt ivaretake. Men dei står ikkje åleine om dette. Me som leiar prosjektet i dag og rådmennene som utøver arbeidsgjevaransvaret i kommunane, har ansvar for at dette vert bra.. Lovverket og avtaleverket legg opp til eit minimum, om korleis ein skal handsama dette. Deretter kan me verte samde om korleis me skal ta det vidare etter det, seier prosjektleiaren.

 

Ingen skal verte sagt opp grunna samanslåinga

– Intensjonsavtala syner, at ingen skal verte oppsagde grunna kommunesamanslåinga .

 

-Eg er trygg på at medarbeidarane har mange tankar og idear, om korleis ein skal yte tenester i den nye kommunen. Det er viktig å finne gode på måtar å samhandla på, slik at me kan få desse fram. Der må me arbeide saman med leiarane og dei tillitsvalde for å finne ut korleis me kan gjera dette best mogeleg. Slik at dei faktisk vert ein del av bygginga av ny kommune, at dette er dei ein del av, og dette for dei vera med på, seier ho ivrig vidare.

 

Få innbyggjarane med på laget

Astad er oppteken av å få innbyggarane med i prosjektet.  Ho vil involvera alle.

 

– Om me står der i 2023 og interessa for lokaldemokrati blant innbyggarane har gått ned, har me feila, uttalar ho.

 

Prosjektleiaren meiner det må stå i styringsdokumenta, korleis ein skal handtera dette. Ho ser det er viktig å møta dei på arenaer, der dei har moglegheiter for å koma med idear og vera kreativ. Det er særskilt naudsynt i ein kommune med store avstandar og ein må ta omsyn til korleis ein skal få innbyggjarane til å føle seg som ein kommune.  Ein må heller ikkje tøme dei naturlege tettstadane, men utvikla dei.

 

Prosjektet må nytte desse 2 åra godt ved å leggje ein god plan. Det er viktig å tenkje på kven innbyggjarane er, og korleis ein kan nå dei? Korleis når me best born og unge? Korleis nyttar me skular, barnehagane og ungdomsklubbane? Det er mange arenaer ein skal møta folk på. Innbyggjarane må få gode moglegheiter til å forstå kva me ynskjer å vite.

 

– Samstundes må me koma med nok informasjon, og  rett informasjon, men samstundes ikkje for mykje heller. Der er det ein kjempe jobb å gjera. Me må ha ein kommunikasjonsplan, finne ut korleis me kan nytte digitale medium, og finne ut i kva grad ein skal ut å møta folk. Dette arbeider me no med å få på plass, seier Astad

 

Det ligg  allereie ein intensjonsavtale i botn, den seier mellom anna noko om kvar dei ulike tenestene skal liggje. Det legg og nokre rammer for kva innbyggjarane skal meine noko om.

 

Digitalisering gjev nye moglegheiter

Me har eit stort digitaliseringsprosjekt som skal gå heile prosjektperioden og kanskje inn i den nye kommunen. Dette vil gje oss nye moglegheiter til å nytte teknologi, men ho trur og me må utfordra oss sjølve ved å finna nye måtar å nytta teknologi til å oppgåveløysning . Ein vert avhengig av å få med seg aktørar og næringa til å laga ein infrastruktur slik at dette vert mogleg å gjennomføra.  

 

Ho er ikkje bekymra for alder-samansettinga i heradet, når det gjeld å nytta ny teknologi.

 

– Dei fleste av oss godt vaksne byrjar å verte ganske gode på å nytte ny teknologi, uttalar Ingjerd.

 

Sikra eit godt tenestetilbod og eit rikt næringsliv

Astad meiner at kommunesamanslåinga vil sikra framtidige tenester i kommunen. Eg opplev ikkje at nokre av kommunane meiner det er krise på nokon av tenestene dei leverer. Her har ein samarbeida med andre kommunar før og. Men opplevinga av at tenestene er trygge, sikre og gode med mykje kunnskap, er viktig. Samanslåinga vil og gje moglegheiter til å sikre ei brei , sterk næringsutvikling i regionen.

 

– Det er ein stor verdi at folk vel å verta att i regionen og utvikle næringane her. De bidreg til å gjera Noreg til det landet det er. Då må ein klara å finna det som gjer at ein kan leva heile livet sitt her. Ein må ha interessante arbeidsplassar og ei aktiv og innhaldsrik fritid. Ein er og avhengig av at fleire kjem her til, avsluttar Astad.

 

Skrive av Mari Svartveit