Forskrift om samanslåing av Ullensvang herad, Odda kommune og Jondal kommune til Ullensvang kommune er fastsett

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i dag fastsett forskrift om samanslåinga av Ullensvang herad, Odda kommune og Jondal kommune frå 01.01.2020. Namnet på den nye kommunen er Ullensvang kommune.

I tillegg til å fastsette namn på den samanslåtte kommunen og tidspunkt for når samanslåinga trer i kraft, fastset forskrifta talet på medlemer i kommunestyret. Vidare blir det gitt overgangsreglar for lokale forskrifter, kommunale planar og reglar om forliksråd og eigedomsskatt.

Forskrifta er vedlagt, og er kunngjort på Lovdata. Forskrifta trer i kraft straks.

Forskrift om sammenslåing av Ullensvang, Odda og Jon(1)(408439)