“Styringsdokument og prosjektplan” handsama i Fellesnemnda

Jondal, Odda og Ullensvang utgjer ein felles bu- og arbeidsregion og har samarbeid på fleire område over mange år. Som del av den nasjonale kommunereforma vedtok kommunane i 2016 å slå seg saman frå 1.1.2020. Den nye kommunen skal heita Ullensvang kommune og kommunesenteret skal vera i Odda.
 
Til grunn for samanslåingsvedtaket ligg intensjonsavtala som vart vedteken i kommunestyra i 2016: Intensjonsavtale for samanslåing av Odda kommune, Jondal kommune og Ullensvang herad
 
Kommunesamanslåinga skal organiserast som eit prosjekt der det overordna målet er at Ullensvang kommune skal vera i drift i 1.1.2020. “Styringsdokument og prosjektplan” legg rammer for prosjektarbeidet fram mot etablering av ny kommune, og dokumentet gjev mål og retning for prosessen. “Styringsdokument og prosjektplan” vart handsama i Fellesnemnda Ullensvang kommune i Norheimsund 17.11.17 – jf. møteprotokoll.
 
Styringsdokumentet skal vera eit levande arbeidsdokument som skal justerast og oppdaterast etter kvart som ny informasjon og nye styringssignal ligg føre. Gjeldande versjon av styringsdokumentet finn du her: