KS-konsulent v/Ingjerd Astad er tilsett som midlertidig prosjektleiing – me helsar dei velkomen i prosessen!

Arbeidsutvalet (AU) fekk i oppdrag frå førebels fellesnemnd (FF) i møtet den 22. juni å lysa ut midlertidig prosjektleiing. Det er gjort og fredag 11. august tilsette AU, KS-konsulent v/Ingjerd Astad som midlertidig prosjektleiing.
Dei kan ta til omgåande og vil vera med på felles kommunestyremøte som skal vera på Meieriet i Odda  måndag 28. august kl 11.30. Innkalling til dette møtet vert sendt ut fredag 18. august.
Ordførarane i Odda, Jondal og Ullensvang hadde møte måndag 14. august, der me vedtok å utsetja tilsetjing av permanent prosjektleiing/rådmann slik det går fram av referatet frå AU som er sendt medlemene i FF.
Referatet finn du her: 
Mvh
Solfrid Borge
Leiar i førebels fellesnemnd